Om Osterøy I.L. | Grasrotandel-nr: 975 682 447

Friidrettsgruppa si heimeside v/red. Vidar Simmenes  vidsimm@online.no (91322643)  & Eli S. Vik, elisimm@frisurf.no   Gruppa sitt vippsnr.  121337   Norges fri-idrettsforbund   Hordaland friidrettskrins   Kondis.no     Res banestevne og statistikk Osterøy 2020     Res banestevne og statistikk Osterøy 2019        Osterøy IL friidrett Facebook     Treningstider     Resultat hopp u.t. 2019-20         Lisenskjøp   Her kan du sjå kven som har lisens   2020 pr. 14.7. = 30       2019 pr. 2.8.= 33      Friidrettslisens er påkrevd for alle 13-79 år som skal konkurrere i friidrettsarrangement på bane/tilsvarande.  For mosjonsløp enten eingongslisens eller heilårslisens (berre for medlemmer).  Når det gjeld mosjonsløp med startkontingent under kr. 50,- er det ikkje krav til lisens.  Lokal terminliste

Meir om eigen tidtaking og innmelding av resultat   i eige oppslag på websida.

Frå 15. juni gjeld spesielle smittevernstiltak for mosjonsløp: Arrangement kan avvikles med inntil 25 deltakere i heat.  Det skal unngås fysisk kontakt mellom løperne og 1-meteravstanden gjelder.

2.8.  Kuortane/Finland.  Sigrid Borge (25)  48,35 i spyd

29.7.  Fana st. Magnus Gjerdstad (20) forbetra lagsrekorden sin på 3000m med nesten 3 sekund til 8,13,83

15.7. Oslo/Bislett Magnus Reigstad (17) 100m 11,75 (-0.9) og 2. plass i lengde med  6,59 (+0.4)

8.7. Oslo/Bislett  Trygve Feidje Mjelde MS 800m lagsrekord på 800 m med 1,52,25 (0,17 forbetring frå rekorden i 2019)

7. løp Arkoconcult Valestrandsmarka Rundt fredag 7. august kl. 19.15 og kl. 19.30      Haustrimmen 4. løp onsdag 12. august kl. 19.30 (løp 1-3 eigen tidtaking og innmelding)

Stevne Fana Stadion 29.7.2020

Emil Hosøy har planar om fleire baneløp.

Gode 3000m resultat og lagsrekord.   Magnus Gjerstad (20) forbetra lagsrekorden sin på 3000m med nesten 3 sekund i heat 4 til 8,13,83.   I heat 2 Emil Hosøy (28) 9,02,08 og Jonas Lillejord 9,03,95 (22).  I heat 4 Trygve F Mjelde 800m på 1,53,46 og totalt beste tid.

Les meir

Rehabilitering av Osterøy stadion i 2020

30.7. Litt  meir opprydding (tomme tønner)

Når det gjeld merking av bana er det antyda om ca 2 veker.  Banemerkarane har skal først til  Hamar,  Flå, Ålesund og deretter til Osterøy. Vergudane kan vel også påverka kor tid dei kjem til Osterøy.

Frå 2. Juni til 10. august pågår entreprenørarbeid og dugnad ulike stader på bana. Stengingana kan verta forlenga om banemerkinga dreg ut i tid.  Det medfører at all ferdsel i område innanfor gjerde vert avstengd for andre enn entreprenør og dugnadsarbeid. Det gjeld også trening og må respekterast. I periode med vasking og sprøyting av løpebana m.m. kan også parkeringsplassar nær Stadion verta avstengd.

Komande dugnad etter banesprøyting og merking vert:  Tilbakeføring av høgdehus og stavhus.  Stopplanke i kulering.  Tilbakeføring av sarg.  Merking og skilting av parkeringsplassar for rullestolbrukjarar ved 1500m inngangen.   Dugnadskontakt  Vidar Simmenes 91322643.

Les meir

Langdistanseløpar Johannes Helland døde 18. juli 2020.

Ein av dei beste løparane i Osterøy IL gjennom tidene, Johannes Helland, gjekk bort 18. juli, 75 år gamal. Nr. 15 på avisutklippet frå KM terrengløp i 1968

Les meir

Minneord Johannes Loftås

Heidersmedlem i Osterøy IL, Johannes Loftås (f. 1924), gjekk bort 5. juli 2020.  Johannes vart utnemnd til heidersmedlem i samband med 75-årsjubileet til idrettslaget i 1993.

Les meir

Arna Stadion 8.juli 2020 og ASKOKARUSELLEN

I påvente av at Osterøy Stadion vert rehabilitert nytta mange osteringar høvet til å delta på Askokarusellen 8.juli på Arna idrettspark. Kjetil Monstad, Gisle Rakners og Aslak Monstad.

Les meir