Om Osterøy I.L. | Grasrotandel-nr: 975 682 447

Årsmøte Osterøy IL hovudstyre 21.3.2019

Svein Lohne attvald som leiar for 2019. t.v. nestleiar Elin Herland

Årsmøte i Osterøy IL 21.mars 2019 kl 19.00 i Klubbhuset på Hatland

Desse sakene vart handsama (med mindre tilføyingar og rettingar) og vedteke i samsvar med framlegga.


Sakliste:

1. Godkjenne stemmeretten til dei frammøtte

2. Godkjenne innkalling, sakliste og forretningsorden

3. Val av ordstyrar, referent  og 2 medlemar til å underskrive protokollen

4. Årsmelding for 2018, samt gruppene sine årsmeldingar

5. Rekneskap for 2018 i revidert stand

6. Fastsetje medlemskontingent for 2020

7. Budsjett 2019

8. Organisasjonsplan

9. Innkomne saker

10. Gjera følgjande val: a. Leiar b. 2 styremedlemmar og 2 varamedlemmar c. Val i samsvar med organisasjonsplan - godkjenning av styret til dei einskilde gruppene d. 2 revisorar e. Representantar til ting og møte i dei organisasjonsledda som idrettslaget har representasjonsrett i.   f. Valnemnd med leiar, to medlemmar og ein varamedlem. 

Nytt styre 2019 vart slik:

Leiar Svein Lohne 2019

Nestleiar Elin Herland 2018-2019

Styremedlem Jørgen Vevle 2019-2020

Styremedlem Elin Bergan 2019-2020

Styremedlem  Elin Kleppe Fossbakken 2018-2019

Varamedlem  Jarle Vik 2019

Varamedlem  Karl J Reigstad 2019

 

Dagleg leiar: Tore Johan Langeland

Revisorar: Geir Kleppe og Ragnhild Balsvik

Gruppestyra 2019.

 

Gruppe

Leiar

Kasserar

Skrivar

 

 

 

 

Fotball

Torbjørn Hovden

Lisbeth Neu

Roald Martinsen 

Friidrett

Herdis Helle

Arne Reigstad

Bjarte Vik

Ski

Robert Skjerping

Bernt Johan Flæsland

Ann Marit Hammer

Orientering

Ragnhild Balsvik

Ragnhild Balsvik

Randi Holm Myking

Handball

Elin Kleppe Fossbakken

Tone Mosevoll

Heine Tjoflot

Turn

Har ikkje fullt operativt styre, men nokre ressurspersonar ivaretek vitale oppgåver.  

Spretten/Stjernelaget

Har ikkje fullt operativt styre, men nokre ressurspersonar ivaretek vitale oppgåver.

Foto:TJL.  Ein av postane før møtestart var at leiar Svein Lohne (til venstre) overrekte plaketten til den sist utnemnde æresmedlemen i laget, Vidar Simmenes. Vidar har gjennom ein mannsalder vore engasjert i Osterøy IL gjennom mosjonsløp, friidrett, statistikk og svært allsidig dugnadsverksemd. Likevel er det særleg verdt å nemna det uvurderlege arbeidet han har gjort for å ta vare på laget sitt historiske arkiv. Utan Vidar hadde det mellom anna vore vanskeleg å skriva Osterøy IL si jubileumsbok!



(20.03.19)