Om Osterøy I.L. | Grasrotandel-nr: 975 682 447

Ekstraordinært årsmøte i Fotballgruppa

Osterøy IL fotballgruppa gjennomførte ordinært årsmøte 12.02. Der vart alle årsmøtesaker gjennomførte, bortsett frå val. Det hadde ikkje lukkast for valnemnda å finna kandidatar slik at ein kunne velja eit nytt fulltallig styre. 

Ein kallar difor inn til ekstraordinært årsmøte måndag 4.mars kl. 18.00 på klubbhuset.

Ønskjer du å hjelpa til i fotballgruppa sitt styre eller veit om andre som kunne eigna seg godt til dette ber me om at de tek kontakt med Vivian Herland Birkelid i valnemnda eller sender ein e-post til post@osteroyil.no  (13.02.19)