Om Osterøy I.L. | Grasrotandel-nr: 975 682 447

Hoved NM Friidrett Hamar 2. - 4. august 2019

Trygve Feidje Mjelde har hatt fleire sterke 800m løp i oppkjøringa til NM med m.a. lagsrekord 1,52,42 (foto:MFM)

Arrangørlink       

Øvelse Dato Etternavn    
400 meter 02.08.2019 x Trygve Feidje Mjelde dns
5000 meter 02.08.2019  x Magnus Gjerstad nr. 28  (nr. 15 i sitt heat)
x 15,28,04
200 meter 03.08.2019  x Magnus Reigstad ikkje vidare etter forsøket x 23,04
800 meter 03.08.2019  x Trygve Feidje Mjelde nr. 5 i sitt heat og utslått
 x 1,53,48
10 000 meter 04.08.2019  x Magnus Gjerstad nr. 37 1001 pg tyrving 32,27,65

Sigrid Borge er framleis ikkje skadefri og satsar på at ho er klar for innsats i VM til hausten.

Magnus Gjerstad hadde ein god 10000m på 32,27,65.  Dei som vart slått av Therese Johaug på 10000m,  vart han belønna med munkeklipp av Tone Ingebrigtsen (foto:KM)

Magnus Gjerstad på  5000m startstreken heat 2   (foto:HR)

15,28,04 vart sluttida på Magnus Gjerstad (foto:HR)

Magnus Reigstad NM debutant på 200m (foto:HR)

Bjarte Vik har ein fyldig førehandsomtale av årets NM

Komande helg skal tre Osterøy-løparar i aksjon under NM i friidrett på Hamar: Trygve Feidje Mjelde, Magnus Gjerstad og Magnus Reigstad. Osterøy IL har frå før solide NM-tradisjonar frå Mjøs-byen, så karane har litt å leva opp til.

For 60 år sidan, i august 1959, vart NM arrangert på Hamar. 14 dagar tidlegare hadde Olav Solberg Reigstad blitt den store profilen under kretsmeisterskapet for Hordaland på Nesttun travbane, med gull både på 400m , 800m og 1500m. Men det er Norgesmeisterskapet på Hamar som verkeleg står att som den store prestasjonen dette året. Til 800 m-forsøket fredag kveld nådde Olav fram kort tid før start. «Dette og så den lange reisa gjorde sitt til at han ikkje fekk vanleg fres over løpet», skreiv Ivar O. Reigstad i åresmeldinga. Lureløp mot karar som Ulf Bertil Lund og Thor Helland var uansett inga enkel oppgåve.

På 1500 m gjekk kvalifiseringsheatet greitt. Heime på Osterøy sat klubbkameratane klistra til radioen under finalen. Olav la seg på halen av det samla feltet. På oppløpssida vart han noko innestengd, men sprang inn til 7. plass på 3.56,2 – same tid som nr. 6 og ny kretsrekord i Hordaland. «Den internasjonale poengtabell syner at rekorden er den 3. beste krinsrekord», skreiv ein høgtidsstemd Ivar O. Reigstad på skrivemaskina si. Olav Solberg Reigstad sette også kretsrekord på 800 m dette året med 1.55,9.

Bjarte Lohne har også førehandsomtale med fokus på dagens utøvarar.

3stk aktive utøvarar frå OIL stiller i år på helgens hovud-nm på Hamar. Det er å håpa på godt publikumsoppmøte for sjelden eller aldri har Norge hatt slike store stjerner på den internasjonale friidrettshimmelen som no. Sigrid rakk som det fleste veit ikkje å bli klar til å forsvara kongepokalen og uteblir dermed etter å ha vore med åtte gonger på rad. Det kan difor holda hardt med medaljer til Osterøy i år etter at me har teke medaljer kvart år sidan 2011. Desse har fordelt seg mellom Sigrid, Markus Loftås, Martin Kåstad og ikkje minst Hilde Aasheim med bl.a. gull og sølv i 2013. Sigrid troner likevel øverst i OIL med 3gull og 1sølv i nm karriera. Av helgens aktive frå OIL er det to debutanter. Yngstemann Magnus Reigstad 16år gamal er nok mest med som læregutt men kan håpa på eit godt løp på 200m etter ein liten konkurransepause. Hovedmålet til Magnus er nok ungdoms-nm seinare i haust. Det same gjeld nok navnebror Magnus Gjerstad  (18)som deltek på 5000m og 10000m også som debutant. På grunn av fleire langvarige sjukdomsavbrekk er Magnus knapt nok komme igang med årets sesong og må nok håpa på ein god høstsesong. Sistemann og veteran i denne samanhengen Trygve (24) har hatt ein flott sesong og persa fleire gonger på favorittdistansen 800m seinast med 1.52.42. Finale er nok målsettinga hans. Forsøk går lørdag formiddag. Lykke til????

(01.08.19)