Om Osterøy I.L. | Grasrotandel-nr: 975 682 447

Husk «REMA 1000 Osterøytrearen» måndag 21. september frå kl. 1800

Foto frå Osterøytrearen september 2019

«REMA 1000 Osterøytrearen» er måndag 21. september på Osterøy Stadion klokka 18 - 20.

Link til Osterøytrearen 13. mai 2019   og 23. september 2019 

PÅMELDING til årets løp: https://forms.gle/iNwckDhVZi36LtdF8

Osterøy IL inviterer gladtrimmarar, mosjonistar, supermosjonistar, løparar, fotballspelarar, handballspelarar, skiløparar, turnarar, skuleelevar, bedriftstrimmarar – ALLE til å testa seg på den klassiske 3000 meter.

Osterøy Stadion framstår no i ny prakt. Bli med og test det raske nye dekket på Hatland. Dette blir det største arrangementet i haust og vil vera ei slags nyopning av anlegget. Me legg opp til ein folkefest med musikk, engasjert speaker, mykje heiing og meistringskjensle. Den Hemmelege Pølsefabrikken er på plass.

Dei to første arrangementa i fjor vart ein stor suksess med totalt 171 deltakarar og svært god stemning. OIL Friidrettsgruppa stiller med harar på alle nivå frå 20 til 10 minutt. Det blir delt inn i heat med 15 deltakarar i kvart heat. Det er difor viktig å oppgje tida du har mål om å springa på. Små heat er for å ivareta smittevern og sikra at du får springa med dei som er omlag jamgode.

Startkontingenten på 3000m er 50 kroner. På grunn av koronasituasjonen er påmeldingsfristen søndag 20. september klokka 23.59. Ein må også oppgje telefonnummer og heimstadkommune i påmeldinga - dette for å letta smittesporing i tilfelle det blir naudsynt. Også publikum må registrera seg når dei kjem på stadion. Nøyaktig tidsskjema og heatfordeling blir offentleggjort måndag morgon, men det beste heatet kjem til slutt.

I år blir det også BARNELØP (1 km på bana). Også her blir det påmelding seinast dagen før. I staden for "Di måltid på 3000m" skriv ein "Barneløpet" i skjemaet under.

Spørsmål om løpet kan du senda til bjartevik30@hotmail.com eller telefon 45602908.

Det er ikkje berre «proffane» som kan springa på kunstdekket. Bli med og skap liv på Osterøy Stadion!


SEND PÅMELDINGA ALT I DAG:
https://forms.gle/iNwckDhVZi36LtdF8

I førekant av 3000m meter løpa vert det lagt inn andre friidrettsøvingar.  (m.a. 600m, kule og lengde u.t.  meir info kjem)

foto frå Osterøytrearen september 2019

(17.09.20)