HaFo-turnering 11.-12. Februar 2023
Informasjon til alle barneskulane og foreldre
Den årlege HaFo-turneringa for 3. til 7. klasse vert avvikla helga 11. – 12. Februar i Osterøyhallen.
Arrangementet startar kl. 10:00 laurdag 11. Februar med Hafo-song og opningskamp mellom eit handballag og eit fotballag.
Kva er HaFo?
HaFo er ein omgang med handball og ein med fotball. Omgangane varer 6 minutt. I finalane varer omgangane 10 minutt. Det deltek 4 spelarar inkl. målvakt på handballdelen og 4 inkludert målvakt på fotballdelen. Det kan nyttast inntil 4 innbytarar.
Det er reine jente- og gutelag. Jenter kan vera med på gutelag dersom ein ikkje klarar å stilla jentelag. Dei yngste spelar laurdag, medan 6. og 7. klasse i utgangspunktet spelar begge dagar med finalar søndag.
Dersom nokre skular skulle ha problem med å stilla nok spelarar til enkelte lag, vil komiteen kunne vera smidige i praktiseringa av reglane for aldersinndeling særleg dersom det er få elevar på klassesteget.
Konsept
HaFo-konseptet byggjer på at alle kan delta uavhengig av ferdigheiter. Det skal vera gøy og moro og ein positiv aktivitet med vektlegging på ballallsidigheit.
Hafo skal vera med å bidra til å samarbeid og samhald mellom elevar – og at ein blir kjent med elevar frå andre skular på Osterøy. Osterøy IL Handball legg stor vekt på fair play – og det er premie til alle – og gratis for både deltakarar og publikum.
Det er 19. gangen HaFo vert arrangert og det er vorte kjent som eit flott arrangement som sveiser saman klassar, skular og foreldre på ein fin måte. Me ser derfor fram til turneringa, og me håpar at skulane klarar å stilla med flest mogleg lag.
Påmelding / organisering
Dersom det skulle vera spørsmål, ta kontakt med:
Thor-Eivind Mjelde, mobil 909 75 895, e-post post@hafocup.no
Beste helsing frå arrangørkomiteen
Styret i Osterøy handball og styret for HaFo 2023
-------------------------------------------------------------------------------------------------klipp ut – og lever til kontaktlærar Frist: fredag 27. januar
Namn: Klasse:
skal vera med på HAFO-turneringa
Underskrift av forelder/føresett:
Eg kan evt. stilla som lagleiar: