Om Osterøy I.L. |Grasrotandel-nr: 975 682 447Innlogging intranett

-Idrettsråd

Idretsråd (noverande navn).

Det er innlevert ein god del arkivstoff som ligg på museet. Noko av dette er "overfladisk" registrert. Det er intensjon at spesielt fleire årsmeldingar og anna relevant stoff skal skannast og leggast tilgjengeleg på nettet.

Vidar Simmenes jobbar i periodar med dette og er ansvarleg for det som sålangt er lagt ut nedanfor.

Dette er eit fellesorgan som kommunen og idrettslaga står samn om.

Det vart oppretta 1.1.1964 og hadde navnet Ungdoms- og idrottsutval.   Osterøy heradstyre oppnemnde/valde medlemer for 4 år (kommunevalperioden. Ungdoms- og idrottsutvalet var og eit organ for andre lag enn idrett og idrettslege interesser.

I det ungdoms- og idrottsutvalet 1964-67 sat desse:

Einar Vevle, Ivar O Reigstad(formann), Ole M Mjelde, Svein Bruvik og Håkon Bysheim. (varamenn: Osvald Kaland og Malvin Bruvik.

I det ungdoms- og idrottsutvalet 1968-71 sat desse:

Sjur Lohne(formann), Ole M Mjelde, Ivar O Reigstad, Bjarne Nordås og Håkon Bysheim.  (varamenn: Osvald Kaland og Reidar Birkeland.

30.4.1969 godkjende heradsstyret nye vedtekter for rådet og at rådet skal utvidast til 7 medlemmer.   17.12.1969 vedtok heradsstyret at Osvald Kaland også som medlemmer i rådet. Det 7. medlemet skal skulestyret nemna opp. I tillegg skal alle medlemane no ha personlege varamenn.

I det ungdoms- og idrottsutvalet 1972-75 sat desse:

Sjur Lohne(formann), Eldbjørg Stegane Engebø, Norvald Vedå, Ole Johan Faugstad, Håkon Bysheim, Osvald Kaland, Morten Svensson og Eva Lillejord. I tillegg hadde alle desse personlege varamenn.

Det har ikkje vore noko systematisk arkivering eller å ta vare på doumentr m.m. som utvalet har handsama, men noko er teke vare på og innlevert. Det vert samla kronologisk og inngår i idrettsarkivstoff på Osterøy museum.  I arkivet er det forutan utvalet sine årsmeldingar også styremøtepapir og uttale, budsjettsaker, proioriteringar m.m. Det ligg også ein god del dokument som gjeld idrettsplassar o.l..  Noko av dette vil også finnast i eigne dokumentsamlingar for einskilde anlegg.

Årsmeldingar:

Osterøy ungdoms- og idrottsutval.   1964   1965   1966  1967     1968oversikt idrottslaga      1968    1969    1970   1971    1972svakskrift    1973    1974svakskrift         

Årsmeldingar:

Kontaktutvalet for idrettslaga i Osterøy:  1973referat årsmøte  1973referat    1974    1975   1976    1977    1978     1979    1980    1981     1982   1983referat    1984    1985    1986    1987    1988   1989    1990    1991    1992        

Årsmeldingar: 

Osterøy idrettsråd:     1996     1997     1997referatekstrårsmøte    1998referatekstraårsmøte    1999   2000   2001referat     2001referatekstraårsmøte    2002referat    2003    2004   2005     2006    2007referat   2015            

I arkivdokumenta ligg det også årmeldingar m.m. som gjeld andre lag enn Osterøy IL.  Desse er i noko grad for idrettslaga også skanna og linka opp her.

Fotlandsvåg     1970    1971    

Hausvik FK    1968   1969   1970    1971     1996     

Hjellvik IL    1968    1969    1970     

Mjøsdalen    1969utdrag      1970utdrag          

Skaftå IL     1970     

Valestrandsidrettsforening     1985