Om Osterøy I.L. |Grasrotandel-nr: 975 682 447Innlogging intranett

Historikk

HISTORIKK


Det var i 2001, to år etter oppstarten av handballgruppa, ein sysla med tanken på å få til ei HaFo – helg og turnering. Ballsidigheit  og samarbeid var stikkorda.

Trond Mohn sette for alvor fart i planlegginga ved å gjera oss i stand til i nært samarbeid med Osterøy Aktiv (Osterøyhallen), å få på plass utstyr og oppmerking til spel på tre baner på tvers av hallen.

Handballgruppa fekk med seg fotballgruppa i det vidare arbeidet, eit samarbeid som har bidratt til god utvikling av turneringa og konseptet. Handballgruppa står framleis som ansvarleg for arrangementet, som i 2007, feirar 5 – årsjubileum.

HaFo har vore viktig for rekrutteringa i handball og auka aktivitet, spesielt blandt gutane.

I samarbeid med barneskulane fekk me og montert HaFo – baner i skulane med gymsal, slik at alle skuleelevane for eit forhold til dette alt i frå 6- årsalder. Godt samarbeid med skulane er også naudsynt ved påmeldinga som dei tar seg av!

Alle elevane kan så vera med på HaFo – turneringa frå  3. klassetrinn.

HaFo – konseptet vert utbygd litt etter kvart, men grunnsetningane er dei same:

                    • Gratis både å delta og å sjå på

                    • Premiering til alle

                    • Ballsidigheit, alle kan delta

                    • Samarbeid og samhald

                    • Gøy og moro

                    • Positiv aktivitet

 

Me synest at det også kunne vera viktig å leggja vekt på litt alvor og haldningsskapande arbeid. I lag med Lions Osterøy har me kjøpt inn arrangørgenserane våre med HaFo – logo på brystet og Lions sin tulipanloga på ryggen, for å setta fokus på arbeidet mot narkotika.

HaFo – sangen har også vore med oss frå første turnering. Den er skikkeleg fin og innhaldet er jo akkurat konseptet som vist til ovanfor. Sangen står Katrine Hauge og Steinar Vatle bak.

Opninga inneheldt også HaFo-sang og markering av arbeidet mot narkotika.

Deretter mest gøy og moro, med oppvisningskamp mellom Tertnes og Brann. Utdeling av banens bestepris gitt av lokal HaFo-kunstnar, ved ordføraren, og utdeling av ei rose til alle på begge lag. Tertnes og Brann har stilt opp for oss og ungane i alle turneringane.

Takka vera arrangørstaben på om lag 60 personar og våre gode støttespelarar og sponsorar, er det gratis både å sjå på og å delta, med premiar til alle.

Teiknefilmframsyning og sal av frukt er andre ting som er komt med siste året.

I tillegg vil me gjerne ha me oss ein maskot. Alt dette for å gjera det triveleg for alle som er i Osterøyhallen under HaFo – en.

Det er kjekt å sjå Osterøyhallen full med mykje folk heile HaFo – helga. Ungane møttest frå heile kommunen, til HaFo- spel, men også til sosial samkome. Det kan verta langt mellom kampane, slik at det bør vera ei god ramme rundt arrangementet.
Vårt mål er at ungane kan gled seg både før og under HaFo – helga.