Om Osterøy I.L. |Grasrotandel-nr: 975 682 447Innlogging intranett

Anleggsinfo

INFORMASJON OM ANLEGGA
OSTERØY IL NYTTAR


Aktiviteten for fotball, friidrett, turn og handball, spretten og volleyball går føre seg i Osterøyhallen og på Osterøy stadion. Desse anlegga ligg "vegg i vegg". Klubbhuset til Osterøy IL ligg også ved stadion.  Skiaktiviteten går føre seg i lysløypa på Rolland. Sjå kart litt lengre ned på sida. 

Osterøy Stadion/Osterøyhallen:


Link


Lettaste vegen å nå Osterøy stadion/Osterøyhallen er å følgja E16. Køyr så over Osterøybrua (Prisar ein veg: 62 kr,-.  (Autopass).  Frå bomstasjonen tek det om lag 15 minutt å køyra. Køyr rett fram og gjennom tunnellen. Følg skilting til Lonevåg.

I Lonevåg tek du så til venstre mot Hatland ved Rimibygget skule og følgjer riksvegen ein knapp kilometer. Du køyrer no forbi ein bensinstasjon. Du vil då straks sjå skilt "Osterøyhallen". Osterøy stadion ligg like forbi innkøyrsla til hallen.


Tilreisande kan også nytta ferja frå Breistein-Valestrandsfossen. (Går frå Breistein kvar heile og halve time til vanleg. Retur kvart på/kvart over fram til 21.45. Eigne ruter laurdag og sundag. Frå kaien er det under 10 kilometer (8 minutt) å køyra retning Lonevåg.
Dette høver godt for mellom anna reisande frå Nordhordland.

Anna informasjon til tilreisande: Garderobeanlegg er til vanleg i Osterøyhallen, men særleg ved aldersbestemte fotballkampar kan det verta nytta garderobar på Osterøy ungdomsskule, den store kvite bygningen på motsett side av bana.


Lysløpa på Rolland

Link


Lysløypa på Rolland finst berre 5 minutt frå brua retning Lonevåg. Køyr rett fram gjennom tunnellen og ta til høgre på bakketoppen mot Gjerstad. Etter nokre hundre meter har du parkeringsplassen på venstre side samt løypa på høgre side.