Om Osterøy I.L. |Grasrotandel-nr: 975 682 447Innlogging intranett

Politiattestar

Krav om politiattest i Osterøy Idrottslag

Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok 10. mars 2008 at heile norsk idrett skal krevja politiattest mot seksuelle overgrep mot barn. Ordninga gjeld for alle som skal utføra oppgåver som i vesentleg grad inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Ordninga trer i kraft 1. januar 2009.

I Osterøy IL vert ordninga handtert på følgjande måte:

Alle tilsette og frivillige som skal utføra oppgåver for idrettslaget som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming skal framskaffa politiattest.

Dette skal gjerast i samråd med dei som styret i Osterøy IL har oppnemnd som ansvarlege for ordninga:

Eystein Markmanrud

e-post: emarkm@broadpark.no

telefon: 907 13 351

eller varaperson

Kristin Aasheim

e-post: patron_13@hotmail.com

telefon: 958 27 947

Eventuelle spørsmål kan også rettast til Tore Langeland, 908 78 512 eller post@osteroyil.no 

Begge representantane har teieplikt overfor uvedkommande i forhold til dei opplysninger dei får kjennskap til.

Politiattesten inneheldt kun opplysningar om personen for tida er sikta/tiltalt eller tidligere ilagt forelegg/dømt for brot på bestemmelsar i straffelova om seksualforbrytelsar overfor barn. Idrettslaget har ikkje anledning til å be personen om å innhenta politiattest for andre straffbare forhold. Innhenting av politiattest er gratis.

Innhenting på ein-to-tre:

1: Søknaden om politiattest skal fyllast ut av idrettslaget og den søknaden gjeld for, og underteiknast av begge. Eystein Markmanrud (evt varaperson) sender søknaden til politiet.

2: Politiet sender attesten som ordinær post til den søknaden gjeld for. Den vert ikkje sendt til idrettslaget.

3: Den søknaden gjeld for, skal framvisa sin politiattest til Eystein Markmanrud (evt varaperson).

Osterøy Idrottslag skal ikkje lagra attesten, men kun få den framvist til gjennomsyn.

 

Personar som ikkje har framvist politiattest utan merknad, kan ikkje verta sette til oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.

 

Med venleg helsing, 

Styret i Osterøy Idrottslag

Du kan lesa meir om ordninga og laste ned skjema på http://www.idrett.no/politiattest