Om Osterøy I.L. | Grasrotandel-nr: 975 682 447

Holmenkollstafetten 2012

Oslo 12.5.2012
Kvinnene vart nr. 1 i senior-klassen med tida 66.58.
Menn elite redda og plassen sin i eliteklassen med ein 16. plass på tida 55,23. Kvinner veteran 35+ vart nr. 7 på tida 73,32.


Kvinner senior nr. 1 i sin klasse på tida 66.58

Arrangørlink      Emit resultatlink      Osterøy stafettlink

Etappetider m.m.

Lagoppstilling og etappetider for Osterøy sine lag


Seniorlaget sikra plassen i Eliteklassen


Ungdomslaget




Veteranlaget 35+



Trygve Feidje Mjelde


klipp frå gjesteboka 

Fellestransport og overnatting HK
08.05.2012 21:58:47 ip: 195.1.89.137

Bussen startar fredag  frå Hatland kl 1410, via Hauge kl 1420 og Kvisti kl 1430. Har fått melding om påstigningar ved Håbakken og Gol. Andre ynskje? Overnatting på P-Hotel som vanleg. Romfordeling vert offentleggjort på bussen. Avreise frå Oslo søndag kl 1000. Pris buss og hotell kr 1400 (kr 600 + kr 800) for "seniorar" og kr 800 (kr 300 + kr 500) for student/ungdom.

Arne

Betaling Holmekollen
10.05.2012 12:50:44 ip: 129.177.155.202
Vert det sendt ut faktura på reise opphald eller skal vi betale på bussen? Herdis



Fakturering
10.05.2012 18:14:25 ip: 129.177.155.202
Hotellet tar ikkje kontantar. Risikabelt å ta hand om så mykje pengar i Oslo. Litt ekstra jobb, men vi fakturerer i etterkant. Så då treng de berre ta med lommepengar...

Holmenkollstafetten forhåndsstoff
09.05.2012 22:52:51 ip: 85.167.38.156
Eliteherrane får ei tøff oppgåve i år. 20norske lag på streken. Osterøy er ranket som lag nr.19 og må bli nr.16 eller bedre for å halde plassen. Det er imidlertid jevnt og klarar å heve seg litt frå i fjor så er eit berre eit drøyt minutt opp til topp 10! BFG lokal rival. Slo oss med 36sek ifjor.

Kvinner senior har gode opprykkssjanser. Er ranka som nr.3 og 4.lag rykkjer opp. Kan vinna klassen. 22 lag på streken. Aks-77 lokal debutant.

Kvinner veteran. 13lag påmeldt. Osterøy rankes som nr.6. 4nye lag i år i klassen.

BL

(12.05.12)