Om Osterøy I.L. | Grasrotandel-nr: 975 682 447

KM Voss

Super Osterøy innsats da Ulvik IL arrangerte Kretsmeisterskap i helga. Laurdag var det klassisk på programmet. Her vart Sondre og Ingrid Brattabø Kretsmeistrar. Søndag var det friteknikk og Sondre og Ingrid tok sin andre siger i Kretsmeisterskapet.

Les meir

Oslo Skifestival

Knallsterk 3. plass til Sondre Brattabø under Oslo Skifestival. Med mange av Norges beste juniorar på plass gjekk Sondre eit supert renn i Holmenkollen på søndag. Også flotte renn av Ingrid (nummer 22 i kvinner 19/20 år) og Marie (nummer 35 kvinner 18 år).

Les meir

Skibasar 2021

Velkommen til årets skibasar søndag 21. november klokka 17.00 i gymsalen på Valestrand skule.

Les meir

Thunestvedtrennet

Osterøy IL arrangerer rulleskirenn i Haus søndag 5. september. Første start går klokka 12:00.
Velkommen.
Startliste

Resultat

Les meir

Premieutdeling Telenor Karusellen

Laurdag 8. mai klokka 11.00 utanfor Osterøyhallen vert det premieutdeling for Telenor Karusellen. Alle som har deltatt på skirenn i lysløypa denne vinteren får premie. Det vert servert pølser, kaker og drikke. Etter premieutdelinga er det mulig å prøva seg på rulleski for dei som har lyst til det. Me har rulleski, men ta med skisko og stavar. Sommartreninga på rulleski startar også opp denne dagen kl 0930 ved Osterøyhallen. Alle nye og gamle langrennsløparar er velkommen her.

Resultat

Les meir

Ny dato for årsmøte i Osterøy IL vert 28. april.

Til medlemmar i Osterøy IL
Styret valde å utsetja det planlagte årsmøtet i idrettslaget no i mars i påvente av oppmjuking av reglane for deltakarar på innandørs arrangement.

Styret kallar difor inn til årsmøte i Osterøy IL onsdag 28 april kl 19 på klubbhuset. Dersom smittevernreglane tilseier at det blir vanskeleg å ha eit fysisk møte, vert det eit digitalt årsmøte på same tidspunkt. Meir informasjon om dette kjem saman med sakslista og saksdokument som vert sendt ut ei veke før årsmøtet.
Saker til årsmøtet må meldast skriftleg til post@osteroyil.no innan tysdag 20 april.
Beste helsing Hovudstyret i OIL
Les meir
Osterøy entreprenør AS OH Betong Thunestvedt Veslandshus Lobas Mjelstad og Stogge Rørleggerforretning Solberg Mek. Versted AS Bergan Bygg