Om Osterøy I.L. | Grasrotandel-nr: 975 682 447

Jenter i medvind

Denne helga samla den store J13 gruppa til Osterøy seg i Fugledalen for å førebu seg på seriestart. Laurdag var det internkamp og pizzakos, medan det sundag var klart for treningskamp mot Tertnes.

I Osterøy er det no fleire jenter enn gutar som spelar fotball. Dette kjem kanskje klarast til uttrykk i den store J13 gruppa som no tel heile 33 spelarar. Her er jenter som har vakse opp i klubben, fleire frå samarbeidsklubben Fotlandsvåg IL og no seinast òg eit stor gruppe komen frå Valestrand/Hjellvik.

- Me prøver å lage eit opplegg som skal passa for absolutt alle som har lyst å spela fotball, seier trenar Stein Erik Kollvangsnes. - Hos oss skal det leggast til rette for dei som vil bli best mogleg, men kanskje viktigast er det at flest mogleg blir med lengst mogleg. Det kan sjå ut som om me så langt har lukkast sidan me er 33 spelarar, smiler Stein Erik

BILETET: Lagvenniner, ja, men kamp er kamp! Det var full spiker frå begge lag under internkampen laurdag.

Trenar Ole Andre Evensen Reigstad stiller seg bak trenarkollega Kollvangsnes. - Me skal ha plass til alle, stadfestar han. 

Evensen Reigstad er relativ fersk i Osterøy J13 apparatet, men har i fleire år trena jentene i naboklubben Valestrand/Hjellvik. Før sommaren tok han med seg 10 jenter og to trenerkollegaer til Osterøy etter at det vart klart at ein ikkje kunne klare å stille eige lag i seriespel. 

- Saman stiller me no lag på tre nivå, seier Evensen Reigstad. - På den måten får alle moglegheiten til å spela og meistra på sitt eige nivå saman med gode venninner. Kjekt for alle!

Støtteapparatet er breidt og tel 7-8 personar.

- Såpass må me vera med ei så stor gruppe. Alle skal bli sett og så vert det ein del koordinering når 3 lag skal spele kamp ila ei veke. Godt å ha fleire å dele oppgåvene på.

Treningskampen laurdag vart ei god økt mellom to jamne lag. Sjølv om det var ein internkamp gav alle jentene 100% i kvar einaste duell og fekk verkeleg vist seg fram for fleire frammøtte foreldre og besteforeldre på tribuna. Det var første kamp på stor 9’ar bane (frå 16 meter til 16 meter), men det var det ikkje nokon som kunne sjå. Jentene tilpassa seg snøgt til banestorleiken og viste tidvis pasningsspel av ypperste kvalitet.

BILETET: Det sosiale er viktig! Det smakte med pizza og cola etter at jobben på bana var unnagjort.

Då kampen var over var det duka for ein sosial «hæppening» på tribunen; pizza og cola - og lått og løye. Det er ingen tvil om at den store spelargruppa har funne tonen både på og utanfor banen.

Søndag ettermiddag var det på’an igjen for jentene; treningskamp mot eit robust Tertnes lag. Osterøy kom best i gang og det gjekk ikkje mange minutt før Nora gav dei grønnkledde 1-0 leiing. Tertnes jobba seg inn att i kampen og hadde fleire store sjangsar, men Vilde i Osterøymålet var ikkje tenkt å plukka ballar ut av eige nett og gjorde fleire gode redningar. Til slutt måtte ho likevel gi tapt og gjestane gjekk til pause med 1-2 leiing.

BILETET: Kaia i kamp mot 3 Tertnesspelarar. Det ho mangla i antall centimeter tok ho att i innsats

Andre omgang starta som første; med Osterøy press. Ida-Malena utlikna i første angrep og minuttar berre etter gav Linnea RL Osterøy leiinga att. Kampen bølga fram og tilbake med sjangsar til begge lag. Medan Osterøy ikke klarte å omsetje sine sjangsar i tellande resultat, sette Tertnes tre av sine. Kampen enda med dette 3-5.

Om halvanna veke er det seriestart. Jentene er klare og det blir spanande å følge dei utover hausten.

BILETET: Det vart varmt i Fugledalen sundag. Då var det godt med ein "dusj" i drikkepausen. 

(16.08.20)
Velve Rema 1000 HTB hanseneknes