Om Osterøy I.L. | Grasrotandel-nr: 975 682 447

Arna Stadion 8.juli 2020 og ASKOKARUSELLEN

I påvente av at Osterøy Stadion vert rehabilitert nytta mange osteringar høvet til å delta på Askokarusellen 8.juli på Arna idrettspark. Kjetil Monstad, Gisle Rakners og Aslak Monstad.

Link til alle resultat       Link til Fri     oppdatert OIL 2020 resultat

Skriveføre Bjarte Vik har ein fyldig rapport frå stevnet:

Oppslutnaden om Askokarusellen på Arna Idrettspark 8. juli var rekordstor med 135 startar. Ole Leon Låstad kommenterer på heimesida til arrangørklubben Fri: «Vi har arrangert seriestevne/karusellstevne sidan Arna idrettspark blei åpna i 2010 og den gamle rekorden var 125 startar frå 2012. Denne gangen hadde vi ingen hoppøvingar, men fyldig deltaking på 1500m og 5000m med heile 3 heat. Det har aldri skjedd før at vi har hatt meir ein eitt heat på 5000m.»

Osterøy IL hadde med 11 deltakarar i alderen 14 til 76 år. Mjøsdalen IL stilte med 8 – hovudsakleg ungdomar – eller slike som Bygdanytt omtalar som «evigunge». I tillegg var det fleire interesserte ostringar på tribunen – og det er alltid kjekt og oppmuntrande for utøvarane.

Alt i første heat på 1500m fekk me ein av dei beste lokale prestasjonane ved 14 år gamle Dagfinn Gjerstad. Ein 800m-pers på 2.19 indikerer ei tid rundt 4.40, men Dagfinn klistra seg fast til ein høgreist frontløpar frå Fitjar, som frå første steg av sikta seg inn på tida 4.28, gjeldande 1000-poengkrav etter Tyrvingtabellen. Først 300m før mål måtte Dagfinn sleppa ryggen på konkurrenten, og han kom inn på fine 4.33.99. Vebjørn Borge har bestenoteringa i 14-årsklassen på 4.26.62, ein rekord som lever farleg viss Dagfinn held fram den fine utviklinga. Han har alt tatt 14-årsrekorden på 2000m og kan også sikta seg inn på 1000m-rekorden til Terje Simmenes på 2.54,3 frå 1987. 3000m-rekorden til Stephan Vik på 10.40,47 bør vera lett match for «råskinnet frå Gjerstad».

I eit gledeleg fyldig kvinnefelt på 1500m stilte Mirjam Mjelde til start med godt håp om å pynta på persen 5.50. Ho er ei av den edle 69-årgangen som framleis driv og persar på idrettsbana. Hanstveit-tvillingane drog opp farten frå start, og om lag midt i feltet passerte Mirjam på 81 etter første runde. Den tøffe opninga gjorde at sisterunden vart hard. Likevel kom Mirjam inn på 5.39,42, og det er 4. beste tida i Hordaland gjennom tidene i K50-54. Med sitt fantomløp på Osterøy Stadion i 2009 toppar Bente Rosvold Midtun denne statistikken med 4.56,41- ei tid heilt i verdstoppen. Kanskje Mirjam kan sikta seg inn på andreplassen, der løpsmaskina Liv Astrid Losnegaard ligg med 5.24. Elles var John Bernes også påmeld på 1500m, men han slit med hamstrings og nøyde seg med eit kulestøyt på 6.95.

I det første og beste 5000m-heatet var Jonas Lillejord vårt store håp. I sin første skikkelege sesong som friidrettsutøvar har Jonas vist stor treningsvilje og solid framgang. Han var dessutan lur nok til å skaffa seg ein kompetent hare i Magnus Gjerstad, som ved start proklamerte til resten av feltet at «det er berre å følgja i rygg på meg, så spring de på 15.59». Dette minna nesten om då marokkanaren Khalid Skah vann VM halvmaraton i Oslo 1994. Nokre kilometer før mål kika Khalid bort på sin argaste konkurrent, og sa: «Heng på no, så blir du nummer 2.» Det såg lenge ut til å gå mot 15.59 på Jonas, men 600m før mål let 5000m-debutanten seg overmanna av mjølkesyra og kom inn på 16.04,66, ein hundredel før haren. Alle tiders-statistikken vår viser at Jonas passerer 8 ostringar viss han spring 10 sekund fortare, og det bør vera god motivasjon til sommartreninga.

I heat to på 5000m hadde Osterøy med tre løparar – og det var ikkje godt å seia kven av dei som ville koma først i mål. Formløparen Per Ole Mostrøm var offensiv før start og ville prøva 80-rundar, medan Noah Raknes og Jan Roar Solberg for sin del såg på det som litt vel optimistisk. Det var ein god gjeng som følgde kvarandre i første halvdel av løpet, men feltet sprakk opp, og ostringane vart liggjande på rad og rekkje med 8-10 sekund mellomrom. Yngstemann Noah viste seg sterkast og pynta på lagsrekorden i G15 med over 1 minutt til 17.19,78. Eit flott løp av den treningsvillige ungdomen. Per Ole hadde ein litt tyngre dag på jobben og sprang inn på 17.28,80, likefullt solid pers. Jan Roar nærma seg stygt ein periode mot slutten, men det er sjølvsagt ikkje berre berre å ta igjen årets norgesmeister på 60m innandørs i spurten. Jan Roar, som nyleg persa på 10 000m, fekk 17.36,94. 5000m-persen hans er mosegrodd. I 17-årsklassen sprang han på 16.34.

Gisle Raknes var vår mann i heat 3. Målet var under 19.10 – og Gisle hadde fått tildelt ikkje mindre enn to fartshaldarar – Kjetil og Aslak Monstad. Denne harejobben vart sjølvsagt også perfekt gjennomført. Aslak fekk fritt spelerom siste 1000 og kom inn på 18.45,94. Også Kjetil og Gisle auka farten mot slutten, og tida til Gisle vart 19.02,66 – pers med over eit halvt minutt. Haren var eit brysthår framfor med 19.02.42.

Jonas Lillejord og Noah B Raknes

Håvard Kleppe, Per Ole Mostrøm, Noah B Raknes og Jan Roar Solberg

foto: BV

(09.07.20)