Handballdag i Osterøyhallen 2. September!
Lørdag 2. September kan alle i barneskolealder få prøve ut handball!
Me gjentar suksessen frå ifjor og arrangerer handballdag i Osterøyhallen laurdag 2.september.
Arrangementet er gratis, og er eit tilbod til alle born på Osterøy frå 1.klasse til 7.klasse.
Det blir mogelegheit til å prøve ut handball, oppleve leik og moro saman med andre, kanskje ditt barn ynskjer å starte med handball?!
Arrangementet vil starte kl 11.00 og varer til kl 15.00. Det vil vera to økter med ballspel, gratis lunsj, underhaldningsinnslag og god stemning!
I fjor var dette en populær dag med 50 påmeldte, vi håper på like mange i år!
Påmelding innan 31.august.
Mvh Handballgruppa i Osterøy IL
(17.08.23)